Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
38

sleikte Hønde hass. Prinsessa sto mæ eit Baadn paa Arme, o dæ rofte „Papa“ i di sama dæ fekk sjaa han. No laga dei se te ture Bryllaup, o dei tura i fire Fjurtadaga, so de spordist over sjau Kungerikjo. Sia foro Prinsessa o Guten o Faer hass o Moer hass te dei greske Sløtte, so hona aatte Øskefoten vart Kunge over heile Lande. Der levde dei lengji i Hugna o Gle’e. Dæ æ væl Von, dei leva enno dei, so kunna bli uppattnya, ner dei berre las lite vætta i Ungdomsboken.


Friaren.

Dæ va eigong ein Gut, so øfto va i Vego skulde frie aat se; men so va han so blug, at han alder tørde bera upp Maale o segja, ko han foor ette. Dæ va kji onnor Raa, anna han laut faa mæ se ein Feretelsmann. Dene sa Gute væl fere. „Ner me koma fram“, sa han, „lyt du bera de fint aat, allvissa te Bords; ner e trøe paa Foten din, lyt du slutte eta“. Friaren løvdist te gjera ette Fereseigdn.

Den Ti dei vøro væl te Bords sette, kom Gardshunden setandis. Han visste, dæ høyrde hono te, dæ so datt ne. Ve han gjekk nøsa unde Bordstole o svinsa me Rovun, kom han aat Fote aat Gute. Trast la dene Kniv o Skjei ifraa se.

Daa dæ lei paa Natt, vakna han atte. „O jøye me, ko svøltin o tome e æ daa!“ sa han. „Jaja, du kann gaa burt i Peisen; der stend dæ att noko taa det Søe, me aato taa te Kvelds“, sa Feretelsmann. Guten