Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
15

laga Gjygere te Mat aat dei. „Vilje dei Kvemmannadn ganga burt faa se Mat, so vilje dei, o vilje dei kji, kunne dei leta dæ vera!“ sa Gjygere atte. „Jau Takk, me vilje nokk dæ!“ svara Terna. Brøe va mugge, Osten va musetin, Kjøte va ult, so dæ teva lang Lei taa di, o tvær Kalverovo vøro tinga kringo Smørstetten. „O jeie, jeie me daa!“ suttra Prinsessa o va mest ve Graaten, men ho var nøygd te gjera so Terna lell, tytte ho, o smaka paa Fremmanrettidn. So skulde dei te takke fere se. I noko Skjinnlagda o stygt Bøsti burt i Legun laag dæ ein gamale Mann, so dei ikji før hadde vorte vare. Daa Prinsessa takka hono, kjyste han henne paa Hønde; i di sama vart han te ein unge fine Prins, o ho kjende atte Sutter-o-Sørg, so ho hadde stunda so saart paa. „No ha du frelst me!“ sa han. „Tvy, tvy!“ skreik Gjygere o fauk ut; men daa ho kom ut paa Dørahelludn, vart ho te Stein, før Skogen gleim o blenkte so Sole ve Høgsdags, o daa Prinsessa vart stird te, hadde Fillehytta vorte te ein gresk Kungsgard, o dæ va so dæ va gjylt baade Tak o Veggji. „No kann du koma paa bøge Bein“, sa Prinsen, „o ha du hatt Sutter-o-Sørg før, ska du saa so mykji meir Glee her ette“.

Bryllupskøsten var reiog. Um Morgon toko dei te ture Bryllaup, o dæ vara i fire Fjurtadaga o høyvdist o spordist over sjau Kungerikjo o lykt heim te dei tvær Systo aat Bru’n. Dei skulde vare mæ dei ogso, ha dei kji butt so langt unda. E va mæ i Bryllaupe o hjølte dei skaut: men siste Gjestebøsdagen fann Brugomen paa stappa me inn te Fereladning o skaut me hit. O her sit e, o der æ du, o sia va kji e mæ dei lenger, men era dei kji daue, so liva dei enno.