Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/155

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
147


Traukint, trælsamt, tungt, ugreidt.

Trevale’, adj. annsamt, mødesamt.

Trinsekufte, ei Trollkufta, som var slik, at naar ein tok henne paa seg, kunde ein fara yver Berg og Dal som ein Fugl. Ho vardt tilknept med Snorer og Lykkjor utan Knappar.

Truge (a), v. nøyda, tvinga; ogso vinna paa, verda Yvermann.

Trøn, f. ei Kvi, ein Legestad aat Kuflokken.

Tukke (a), v. „Dæ tukka te“, ɔ: det lid aat, det stundar til.

Tyras, v. Ty, Stell; ogso: Skrap, Fillekram.

Tøma (o), v. (tuma), fingra, kjenna paa med Fingrom.

Tørstogo (og Trøstogo), f. Kylna, Hus til aa turka Korn i.

Tørt, f. Tuft, Grunn under eit Hus.

Tøy, adj. i Ordlaget: „Han er ikkje tøy“, ɔ: han er ikkje kleen, ikkje nokon Stakkar. Andre Stader: ty (tyd), ɔ: mild, naadug.

Ul (uul), adj. ufersk, som tek til aa ulna (rotna).

Ule (e, te), v. hyla (yla), gaula.

Usnele’, adv. fælt, øgjelege, stygglege.

Utende, adv. ovlege. „Utende gamall“, = utgamall, ovgamall.

Vagg, m. Rugg; um ein liten, stuttvaksen Mann.

Valknut, m. Svipeknut; ogso um ein Seleknapp.

Varastyre, nokot til aa hava i Bakhand, til „Reserve“.

Vasle, m. Kjæsen (elder Løypen) av ein Kalvemage.

Veggjevilling, m. ein liten Tre-piil med ei Fjøder i Enden. (Ei Barneleika).

Vera ve se (ved seg); vera velhalden elder nokot rik.

Vetog, adj., klok (vitug). Ofta i Spott elder Spe; til Ex. „Dæ bar vetogt i Vegen“: jau, det gjekk greidt!

Vikle (a), v. rengja, vrida. „Vikle se“: faa ei Rengsla i ein Lid.