Side:Segner fraa Bygdom II.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Desse Segnerna hava voret uppskrivna i Selbu-Maalet og innsende til det norske Samlaget fraa J. P. Sand. Det syntest oss vera Moro aa saa sjaa nokot slikt fraa Trondheims-Bygdom, som me elles fyrr hava havt so litet fraa. Men det kann vera ein Otte fyre, at desse Stykki vilja verda nokot vandslege til aa lesa, med di der er so mange Avbrøyte fraa dei Former, som me elles hava voret vane til. Millom ymist annat vil Lesaren merka, at det trondheimske „nn og „ll“ her er skrivet „nd“ og ,ld“, til Ex. Bold (Boll), Kvend (Kvenn, Kvern). Dernest finst her jamnan: „e“ fyre ei, som Sten (Stein); – „e“ fyre æ, som: Kle (Klæde), ler’,(lære), Hel (Hæl); – „ø“ fyre jø (jo), som: Møl (Mjøl), Føs (Fjøs), Løs (Ljos). Av ymse einslege Ord vilja me merka, at „a“ ofta tyder honom, likaso vel som henne; – at „aam“ tyder deim og dei, – at „ind“ tyder baade ein og han, og desutan ogso en (end) og elder (eller). Ordet „da“ tyder snart daa og snart der; soleides i Sam-stellingi „den da“, „de da“ og „di da“, som elles heiter: denna, detta og dessa. – Ellest visste me ikkje betre Raad en aa prenta Segnerna soleides som Uppteiknaren heve skrivet deim, og so saa me vona, at Folk med nokot Tolmøde vilja greida seg nokorleides med deim.