Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Fraa Valdres.
Ho Aaste.

De va ei Gjente som eitte Aaste, ei nausin Gjente; ho va rundlagd aa rau som ein Blome, aa alle syntest dei godt um henne. Um Sumaren va ho paa Støle me Mor sinar[1]. So va de ein Kveld, at ho skulde gaa aat Fjelle ette Kyro, aa daa ho va komi burt me Haugo, møtte de henne ein Fremandkar, han va so sin aa gresk[2], at ho alder hadde set so fin Gut fyrr; han hadde stora Sylvspenno i Skono, de glittra i Skaalo aa Bello, aa greskje Hengsleknappa hadde han baade i Trøyunn aa i Veste. „Kom aa bli mæ me du, du e so fin,“ sa’e han te henne Aaste. „Aa nei e faar nok inki bli me de“ svara hona, „du har før langt heimatte te di.“ – „Jau du lyt endele vera me, e bur nemmar de en du trur,“ sa’e Fremandkaren. „De e ’ki sannt,“ sa’e ho Aaste, „e kjenne vel Gutadn paa dei nemmaste Stølo; no lyt e gaa;“ – „Du faar

  1. soleides i Uppskrifti her og fleire Stader. Elles synes Dativformi aa vera “sino, mino“ o. s. v. i alle try Kyn.
  2. gild.