Kult, som saag ut te ha ete noko mange Grauta; han va brei som ei Bakstefjøl o høg som ein Gælgi. Han mætte no ’ki Nordmennadn før noko, men bau likevel dragast, bere før o gjera Nar taa dei. Aaja, ein taa Valdrisso gikk daa fram te hono. De saag reint ulikle ut, før han va so liten imot Svenska. Dei toko Tak; men før Svenskin visste taa noko, kome Langskjækadn hass ende i Vere o Huvu i Galden, so de gol i hono. Han rende daa uppatt i Sinne o sa, at de ’ki va rettigt gjort. „Ja va de ’ki rettigt, so ska e gjera de uppatt,“ sa Valdrissen. Dei røko daa ihop ei Gaang te; men denne Gaange kom Svenskin ne aat, so han hasta inki me o staa uppatt. No komo dei rennand allesamne o vilde taka Valdrissadn, o de ha vel gange gale me dei, ha ’ki ein Lytmann stande uppaa ei Løftstogo o set paa Leiken. Han let upp Hekteglase o skreik, at dei skulde vera role o læta dei Nørske gaa. Daa tørde dei ’ki anna en dei lydde, ko naule dei vilde. Men Valdrissadn vørto rofte uppaa Stogo te Lytmanne o fingo kor sin Dram. „Ner de era sleke Kara te o dragast,“ sa Lytmann, „so era de vel ogso likeso gilde te o danse Halling. Vil ’ki ein taa dikka gjera eit Hallingkast aat me før de gaa.“ Jau, ein taa Valdrisso gjorde daa Stannhopp frampaa Gølve, spratt rundt i Vere, o si’a dansa han Halling o spennte Bjølkin, so de vist syne ette Skohæle hass enno. Men i di sama han gjorde Spenne, glatt Kniven hass or Kni’stjeienn o spratt uppi Aasen; der, sto han som han vøre slegin fast. O Lytmann banna paa, at der skulde Kniven staa, so lengi Stogo sto. So tok han upp fem Dalar o ga Valdrisse i Like. Si’a kjøfte
Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/39
Utseende