hadde tegange, o sette vestover o vilde taka Tjuven. De va no raakint o faa Tak i han, de laut daa vera eingor Gaange, han hadde gløymt seta paa se Huldrahatten. Dessa Mennadn la se daa paa Lur ikringo Høle, o dei lovde hinan, at dei vilde ’ki gjeva se, før dei hadde faatt Klønadn i han. Men dei gjætte te inkis i mange Daga. Jau, endele saago dei ein Dag, at han gikk sta vatne Heste si; daa hadde han gløymt Hatte. Dei rende daa paa han o te o baka paa han o dengje han, som dei ha vilja tynt han me di sama. Men so hugste dei se, at dei ’ki skulde drepa han, før dei hadde truga han te o gjeva dei alt han hadde. De vart daa inki noko taa di, kost dei handska han o foro aat me hono; han vilde ’ki ei Gaang segja dei Gjøymsludn, som han hadde Rikdomen sin i. So bøndo dei eit Tøg over Uvle’idn hass o innatti Hesterova o drogo han soleine ne’aat Fjorde likesom ein Slo’e[1], o si’a bøndo dei han i Baathempa o leto han slæpast i Vatne ette Baate, me dei rodde over Fjorden, te han rauk te. Før han andast, hadde han bø’e dei eit Pe’ingskrin i Hydale, vess dei vilde sleppe hono att; men dei vilde hava meir. O de fingo dei ogso; men inki slekt, som dei hadde be’e um. I di sama han skulde te gjeva upp Anden, førbanna han dei o sa, at dei skulde ’ki bli snikkislause[2] te niende o tiende Le. – Dei grovo han ne paa ein liten Fet imyljo tvær Myra, o paa Gravenn hass ha de alder vilja vøkse eit Grasstraa. No
Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/27
Utseende