Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/181

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
121


sjaa de væl før, aa lær taa me,
du snøgt kann taka Skvale.
Ja de va all Uhepva mi;
e hadde nok te velja i,
men endaa tok e Rake[1].



Fraa Gudbrandsdalen og Gausdal.
Brure fraa Ransverk.


Langt burti Fjellom millom Gudbrandsdale aa Valdres ligg ei Sæter, som eite Ransverk, aa som høyre te nogre Garde paa Vaagaa, aa derfraa e de so langt te Bygdenn, at ein ikkje kann vinnast aa reise de paa ein Dag.

De hende se ein Gaang langt atti Verd’n, at ein Tenestgut va att ei Stund den Dagen døm reiste heim me Krytyrom, aa han skulde kjøre ut nogre Mykjalass aa stelle te einkort anna, fyrr han reiste ette. Da de lei over høgst Dags, hadde Guten gjort fraa se aa skulde te leggje upp Pankeklyve si; men han fell ikkje upp meir en ein Meis, for naar han skulde taa’ den andre, so va de likesom nugun skulde tiki unda att Klyvstaven, so Meisen rulla ne att, aa soles gjekk de te Guten vart reint uppgjeven. Han kvilte se, aa han tok te stræve me Klyvenn att mange Gaange; men da de lei lite over None, tykte han de vilde bli for seint

  1. Visa er fyrr trykt i „norske Folkeviser“ utg. av H. Ross, etter Uppskrift fraa Ullensvang. Det syner ogsaa paa Maalet i Visa her, at ho er komi nordantil.