Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/182

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
122

aa reise lel den Dagen, so han laut gjeva se ivi te andre Morgon. Um Kvelden, da han helt paa vilde leggje se, kom de inn ei gomol stygg Kjering me ein spøkje lang Naasaa, aa ho leidde me se ei ung ofsa fager Gjente. Kjeringje spurde Guten, um Gjenta skulde faa Hus der aa faa liggje framve honom um Natte. Guten vart da reint handfallen[1] paa detta, for so fagert Kvinnfolk hadde han alder set fyrr; aa so sa’e han de, at de kunna fell ikkje vera Aalvore lel, at den Gjenta vilde liggje framve honom. „Jau ho vil nok,“ sa’e Kjeringje, aa derme gjekk ho att, men Gjenta la’e se aa laag nok so role um Natte. Tile um Morgon kom Kjeringje att aa spurde Guten, kaa han likte Gjenta, aa sa e de ve han, at dersom han vilde haa ho te Kjering, so skulde han faa taa’ ho me se aat Bygdenn trast, aa dersom han va snill ve ho aa alder sa’e nogo illt Ord aat henne, so skulde han leva fælt væl me henne, aa de skulde ikkje fela korkje paa Rikdom ell Visdom aat honom aa hass Avkjøme te niande Le. Ja, Guten gjorde som oss fell hadde kome te gjort, kem de hadde vore taa oss; han kasta att Klyve aa sette Gjenta paa Hesten. Trast han kom te Bygdenn, sa’e han upp Teneste aa gjekk sta aa kjøpte ein gild Gard som va fal – men kaa de va, Høilbø ell Austrheim, veit e ikkje; ein Gard i Sjaardale va de no, aa Guten va enda go for bitala han trast, for han va ikkje peninglaus da maa du tru, aa so tok han te laagaa te Gjestebo’e. Kvelden firi Gjestebo’e skulde vera

  1. handfallen er den, som stend og bisnar og undrast og læter Henderna siga eller falla ned. Gamalnorsk, honom fallast hendr.