Side:Søgnir fraa Hallingdal.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

voret so hæve og hjelpt til med aa samla Søgnerna, navnlega Sander Rø’o, Thor Nestegard, Ola Aadneson Nerhol, Eirik Hansson Sand, Embrik Andresson Haugi, Ola Tolleivsson Solheim og Ola Kitilsson Rygg. Sidstnemnde heve ogso samlat dei Ordtøki, som finnast i Enden av Boki. Um so kan henda, at sume av Aalmugen vilja tenkja, at det var litet verdt at fara i Bøker slike gamle Rispor um Haugafolk og Trollskap, daa maa eg minna um, at det inkje er Meiningi aa faa nokon til aa tru paa slikt, men likavæl kan det vera morott og hugnadlegt aa lesa, og naar det inki gjever seg ut fyre annat en det, som det er, so kan det daa ingen Mein gjera. Jamvæl høglærde Menner meta slike gamle Søgner myket, for det finnst i dei ofta ymse Drag, som minna um sumt, me lesa um i Bøker fraa Foretidom, og stundom høver det so, at ein finn atter sama Trui eller sama Skikken hjaa andre Folkaslag langt burte i Heimen, og daa tykkja dei Lærde stor Mun i aa jamnføra slike Samanhøve, kvart med annat. Korso no detta heve seg, so berer Boki fram eit Bygdarmaal, som er eit av dei hævaste, me hava i Landet, og som stend Gamalnorsk myket nær. Eg vonast difyre, at Boki vil vera vælkomi fyre alle dei, som vyrda Tungemaalet aat sine norsktalande Landsmenner.

Christiania i Mai 1868.

Utgivaren.