Side:Søgnir fraa Hallingdal.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Fyreord.

Sogorna, som her koma, ero skrivne paa det Bygdarmaalet, som talast nørdst i Dalen, og som i Uttala skiler seg nokot fraa Maalet lenger ute. Sumt er uppskrivet af meg sjølv etter Fyresøgn men det meste af Hallingar sjølve. I detta heve eg inki gjort vidare Avbrigde med Ordlagi, annat en eg heve skipat paa litet her og kvar til større Greida og Samanheng i Stilen. Skrivemaaten er min eigen. Eg havde gjerna viljat halda meg beint etter Uttala jamt, men eg fann, at detta inki let seg gjera i alle Stykki. Detta skal eg no gjera Greida fyre.

Der som Fornmaalet (Gamalnorsk) hadde rð, er det no, som ein veit, yver heile Austlandet, komet ei Uttala av eit Slags tykkt l-ljod. Aa bruka l her er myket ukvæmt, fyre di at mange Ord, som i Uttala væl skiljast, vilde sjaa like ut paa Prent; til Fyredømes: han va galen, som kjøpte den Galen, (Garden), ei fæl Fæl (Ferd), Tjuvebøle (byrdi), Tjuvebøle (Bustad fyre Tjovar) o. fl. Eit sermerkt l, som sume have brukt, munar helder inki stort; det ser berre ljott ut, og det verste er, at den, som inki er fyre kunnig i Uttala, verd like klok. Difyre viste eg inki onnor Raad, en aa taka upatter den gamle Skrivemaaten, som no med er gjengeleg, naar ein skrivet paa aalmennelegt Landsmaal, og so heve eg skrivet, Gard, Gjerd Ferd, Hurd (garðr, gerð, ferð, hurð) o. s. v. – g og k veikna jamt fyre i og y, tiki, gingi, Kyrkja, Gygr, l. tikji, gjingji o. s. v.; fyre e er Uttala ustød, og difyre er det veike Ljodet. avmerkt med gj og kj, Gjente, Kjerald.tj uttalast som kj. – Opet o nærrar seg oftast til ø. – Tviljodet oy uttalast aay. – I Infinitiv av Verba som hava g eller k til Rotconsonant og j etter, verd eit fylgjande