Hopp til innhold

Side:Rikets tilstand 04.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


To globale konvensjonar som forbyr og regulerer handelen av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen og Rotterdam-konvensjonen, er sette i kraft i 2004.

Regjeringa har styrkt den norske deltakinga i det internasjonale forskingssamarbeidet gjennom rammeprogrammet for forsking og utvikling i EU, mellom anna gjennom særskilde stimuleringsmidlar.

Regjeringa la i august 2004 fram rapporten EU sin Lisboa-strategi i et norsk perspektiv. Lisboa-strategien har som mål at EU innan 2010 skal bli den mest konkurransedyktige økonomien i verda.

Bruttonasjonalproduktet (verdiskapinga) for Fastlands-Noreg auka med ber re 0,6 pst. frå 2002 til 2003 ifølgje førebels nasjonalrekneskapstal. Veksttakta i norsk økonomi auka likevel klart gjennom året, og Noreg er no inne i ein ny konjunkturoppgang. Oppsvinget heldt fram i 2. kvartal 2004, og også statistikken etter 2. kvartal støttar opp under inntr ykket av oppgang. Også i internasjonal økonomi synest konjunkturoppgangen å vere godt i gang etter at veksten tok seg opp mot slutten av 2003.

Ved utgangen av 2003 syner statsrekneskapen at verdien av Statens petroleumsfond er 847 mrd. kroner. Marknadsverdien av fondet har sidan auka til 942,4 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2004. Av denne auken var 51,7 mrd. kroner over føring til fondet. Regjeringa vil innføre etiske retningslinjer for for valtninga av Statens petroleumsfond slik det er gjort rede for i Revidert nasjonalbudsjett for 2004.

Konsumprisindeksen auka med 2,5 pst. i 2003. Prisveksten utanom energi og justert for avgiftsendringar var 1,1 pst. I dei første åtte månadene var konsumprisene 0,1 prosentpoeng høgare enn i same periode i fjor, medan indeksen utanom energi og justert for avgiftsendringar auka med 0,2 prosentpoeng.

Driftsbalansen over for utlandet viste eit overskott på 105,2 mrd. kroner i første halvår, omlag 9 mrd. kroner høgare enn i same perioden i fjor. Noregs nettofordringar over for utlandet auka med om lag 122 mrd. kroner i første halvår i år.

I 2003 var nettoproduksjonen av olje, gass og NGL i Noreg på 262,2 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e.), mot 258,7 mill. Sm3 o.e. året før. Olje, inkludert NGL, stod for over 70 pst. av volumet. Produksjonsauken frå 2002 til 2003 skuldast ein sterk auke i produksjonen av gass og NGL, medan råoljeproduksjonen viste ein liten nedgang.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2003 på i underkant av 300 mrd. kroner. Det er noko høgare enn i 2002. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsverksemda var i fjor på 174 mrd. kroner.

I 2003 var den gjennomsnittlege oljeprisen om lag 29 USD/fat, som er det høgaste prisnivået sidan første halvdelen av 1980-åra. Mellom anna krig i Irak, OPECs regulering av oljeproduksjonen og sterk auke i etterspørselen mot slutten av året forklarer det høge prisnivået. I 2004 har oljeprisen lege på 30–45 USD/fat.

Regjeringa la i mai i år fram ei stortingsmelding om petroleumsverksemda. Meldinga tek for seg utfordringar og tiltak knytte til å sikre langsiktig verdiskaping på norsk kontinentalsokkel.

I stortingsmeldinga var t regjeringsvedtaket om heilårig petroleumsverksemd i området Lofoten-Barentshavet lagt fram. Vedtaket innebar at det ikkje skal opnast for vidare petroleumsverksemd i Nordland VI no. Ei nærare vurdering av dette spørsmålet vil finne stad når den samla forvaltningsplanen for Barentshavet ligg føre. For Barentshavet vart det vedteke å opne for vidare heilårig petroleumsverksemd i dei områda sør i Barentshavet som alt er opna, med visse unntak. Under behandlinga av meldinga i Stortinget slutta eit fleirtal seg til regjeringsvedtaket.

I tildelinga i førehandsdefinerte område 2003 vart til saman 19 utvinningsløyve tildelt 13 selskap. I 2004 er det i den 18. konsesjonsrunden tildelt 16 utvinningsløyve til 16 selskap.

I juli 2004 fullførte staten eit sal av om lag 117 mill. aksjar i Statoil ASA. Av dette salet vart 100 mill. aksjar plasserte hos norske og internasjonale institusjonelle investorar og 17 mill. aksjar vart selde til privatpersonar i Noreg og EØS-området. Etter salet eig staten 76,3 pst. av aksjane i Statoil ASA.

Regjeringa la i desember 2003 fram ei stortingsmelding om trygging av straumforsyninga, som