Side:Rikets tilstand 04.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tivt transportsystem og eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle.

Regjeringa har følgt opp barnehageforliket i Stortinget. Forskrifter om maksimalsatsar for foreldrebetaling og syskenmoderasjon vart innførte 1. mai 2004. I 2003 vart det oppretta nye plassar til 6 910 barn og 10 000 fleire barn fekk heiltidsplass.

Regjeringa har lagt fram ei stor tingsmelding om grunnopplæringa, og Stortinget har slutta seg til innhaldet i meldinga. Som ledd i å følgje opp meldinga blir det utarbeidd ein strategi for kompetanseutvikling i samarbeid med mellom andre Kommunenes Sentralforbund.

*********

FN har ei sentral rolle i arbeidet for fred, tryggleik og utvikling og er ein hjørnestein i norsk utanrikspolitikk. Forsvaret held fram med å delta med obser vatørar og stabspersonell i ei rekkje FN-operasjonar verda over.

NATO er utvida med sju nye medlemsland, og Noreg har som ledd i dette teke aktivt del i overvakinga av luftrommet over dei baltiske landa frå april 2004.

Regjeringa har vore oppteken av å vidareutvikle samarbeidet mellom EU og NATO. Regjeringa har derfor sett det som positivt at EU tek på seg eit større ansvar for krisehandtering i Europa. Noreg tok del i EUs første militære operasjon i Makedonia i 2003. Regjeringa har like eins ført vidare arbeidet for stabilitet og reformer på Vest-Balkan og har støtta arbeidet med vidare integrering av landa i regionen i det euroatlantiske samarbeidet. Regjeringa har også auka innsatsen i Moldova, Kaukasus og Sentral-Asia.

Regjeringa har arbeidd for å gi spørsmål som er knytte til miljø og berekraftig ressursutnytting i nord, større internasjonal merksemd. Noreg har vore ein pådrivar i atomtryggingssamarbeidet med Russland. Det omfattande samarbeidet med Russland er også styrkt gjennom den norske formannskapen i Barentsrådet.

Regjeringa har følgt opp det sterke engasjementet for fred og forsoning. På Sri Lanka har Noreg i perioden særleg arbeidd for å halde oppe våpenkvila og hjelpe partane med å finne grunnlag for å ta opp att dei formelle forhandlingane. På Filippinane har Noreg lagt til rette for forhandlingar mellom regjeringa og kommunistrørsla i landet. Noreg har ført vidare det aktive arbeidet for fred og konfliktløysing i Afrika, der Sudan og Afrikas Horn har vore særleg sentrale innsatsområde.

Noregs engasjement for ei varig og fredeleg løysing på konflikten mellom Israel og palestinarane er ført vidare. Det er lagt vekt på at begge partar må bidra til å setje i verk det såkalla Vegkartet for fred. Regjeringa har halde fram arbeidet for ei reform av dei palestinske sjølvstyresmaktene og vore med på å mobilisere internasjonal budsjettstøtte.

Gjennom Schengen-samarbeidet er Noreg med i delar av EU-samarbeidet på justisområdet, og det har gjort det mogleg å møte felles utfordringar knytte til mellom anna migrasjonskontroll, grensekontroll og ulike former for grenseoverskridande kriminalitet, her medrekna terrorisme.

Noreg tok 13. mai 2004 over formannskapen i Europarådet. Regjeringa har hatt som målsetjing for den seks månader lange formannskapsperioden å setje Europarådet betre i stand til å ta seg av viktige oppgåver med å fremje demokrati, respekt for menneskerettane, godt styresett og å hindre konfliktar. Det har vore særleg viktig å styrkje og effektivisere Menneskerettsdomstolen i Europarådet.

Utarbeiding av eit internasjonalt program for å styrkje Noregs omdømme i utlandet har stått sentralt for Regjeringa i planlegginga av 2005-markeringa av oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Ved å opprette Noregsportalen, som er heimesidene til utanriksstasjonane på Internett, har Regjeringa gjort informasjon om Noreg tilgjengeleg på 18 språk.

Noreg utvida 1. januar sjøterritoriet frå 4 til 12 nautiske mil. Samtidig vart det oppretta ei tilgrensande sone på 12 nautiske mil utanfor sjøterritoriet for kontrollformål. Det har gitt Noreg eitt av dei mest moderne regima i verda for kystnære farvatn og set styresmaktene betre i stand til å møte aktuelle miljøutfordringar.

Dei nordiske landa er vor tne einige om eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2005–2008. Programmet legg spesiell vekt på dei nordiske landa sitt internasjonale arbeid på miljøområdet.