Hopp til innhold

Side:Rikets tilstand 04.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

publikumsanlegg, som m.a. skal formidle historisk landbruk.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om dei økonomiske rammevilkåra for filmproduksjon.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om å endre reglane for eigarskap i dagspresse og kringkasting.

Det er vedteke endringar i reglane om reklameavbrott og identifikasjon av sponsorar i kringkasting.

Vedtektene for NRK er endra. Endringane inneber ei presisering av NRKs allmennkringkastaroppdrag.

Det er for 2004 fordelt midlar frå overskottet i Norsk Tipping AS til kultur formål med 180 mill. kroner og til idrettsformål med 1 200 mill. kroner. Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 679 mill. kroner til idrettsanlegg, 340 mill. kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité, 120 mill. kroner til direkte tilskott til arbeid for barn og unge i lokale lag og foreiningar og 61 mill. kroner til andre idrettsformål.

Gitt på Oslo Slott 24. september 2004
Under Vår hånd og riksseglet