Side:Rikets tilstand 04.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Utvalet som har greidd ut ulike organisasjonsløysingar for ei samordning av Aetat, trygdeetaten og sosialtenesta lever te rapport i juni i år.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet i grunnopplæringa er innført.

Om lag 32 000 lærarar har fullført eller held på med etter utdanning i pedagogisk bruk av IKT. Det nasjonale prosjektet LærarIKT står sentralt i denne satsinga, samtidig som interne opplegg på skolane viser ein sterk vekst. Evalueringa viser at LærarIKT har ført til auka IKT-kompetanse hos lærarane, og til ei positiv holdning til br uk av IKT i under visning og opplæring.

Regjeringa har følgt opp utgreiinga om felles lovverk for høgare utdanning, og det er fremja ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny lov med stor grad av likestilling mellom statlege og offentlege universitet og høgskolar.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal gjennomgå verksemda til universitetsmusea.

Frå hausten 2004 er det oppnemnt ein ny nasjonalkommisjon for UNESCO for ein periode på fire år.

Med verknad frå 15. juni 2004 er Utdanningsdirektoratet oppretta og i verksemd som eit viktig verkemiddel i den nasjonale utdanningspolitikken.

Regjeringa la hausten 2003 fram ei stortingsmelding om modernisering av Lånekassa.

Frå studieåret 2004-2005 er det innført endringar i finansieringsordningane gjennom Lånekassa for studentar i utlandet. Målet med endringane er å støtte opp om at studentane skal kunne velje fritt ved utdanning i utlandet, samtidig som ein ønskjer å leggje meir vekt på kvalitet, større geografisk spreiing av norske studentar i utlandet og auka rekruttering av studentar til ikkje-engelskspråklege land.

Handlingsplanen for Kompetansereforma er oppsummert. Rapporten viser at dei planlagde tiltaka i all hovudsak er gjennomførte og at det er komme på plass ei rekkje gode ordningar som gjer det enklare for vaksne å ta del i opplæring og kompetanseutvikling.

Regjeringa har ført vidare arbeidet i Forum for kompetanse og arbeidsliv som møteplass for styresmakter, par tane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar.

For å trappe opp den norske forskingsinnsatsen, særleg innanfor petroleumsforsking, er kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping auka med 1 mrd. kroner til 32,8 mrd. kroner i 2004.

Noregs forskingsråd har gjennomført ei større omorganisering frå hausten 2003, m.a. med sikte på å bli ein meir open arena for brukarane.

Flyvêrtenesta, som tidlegare har vorte utført fullt ut ved Meteorologisk institutt, er omorgansiert frå 1. januar 2004. Oppgåvene er delvis tekne over av Avinor AS.

Oppslutninga om Den norske kyrkja er stabil når det gjeld medlemstal og kyrkjelege handlingar. Reforma av trusopplæringa er igangsett.

Det er innført nye tenesteordningar for prostar og prestar som grunnlag for ei leiings- og organisasjonsutvikling av prestetenesta.

Ved behandlinga i Stortinget av kulturmeldinga frå Regjeringa er det skapt ei brei politisk plattform for ønsket om ein aktiv kulturpolitikk i åra som kjem.

H.M. Kong Harald la i september ned grunnsteinen for det nye operahuset i Bjørvika.

I april vart grunnsteinen for eit nytt teaterbygg for Hålogaland Teater i Tromsø lagt ned.

Det er inngått avtale om nye lokale for Statsarkivet i Trondheim som ei oppfølging av ønske i Stortinget om å utvikle eit senter for arkiv, bibliotek og museum i Trondheim.

Det nye sikringsmagasinet i Oslo for Nasjonalbiblioteket vart ferdig sommaren 2004, og arbeidet med å rehabilitere nasjonalbibliotekbygningen er sett i gang.

Kulturminister rådsmøtet i EU har peikt ut Stavanger og omegn til europeisk kulturhovudstad i 2008.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i kulturminnelova og lov om miljøvern på Svalbard. Det skal gi grunnlag for å ratifisere UNESCO-konvensjonen om ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar.

H.M. Kongen har med verknad frå 1. januar 2004 sagt frå seg disposisjonsretten over store delar av Bygdø Kongsgård. Norsk Folkemuseum har teke over for valtningsansvaret med sikte på å utvikle området til eit moderne og heilskapleg