Side:Rikets tilstand 03.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

selsministeren og olje- og energiministeren ned eit nasjonalt hydrogenutval som skal fastsetje mål og tiltak i eit større nasjonalt hydrogenprogram.

Regjeringa har aktivt følgt opp stortingsmeldinga om betre kollektivtransport. Friare etableringsrett for ekspressbussruter er innført for heile landet.

Det er våren 2003 vedteke endringar i postlova med verknad frå 1. juli. Endringane gjeld gradvis innskrenking av einerettsområdet til Posten Norge AS, utan at det er sett ein dato for når postmarknaden skal vere fullt ut liberalisert.

Konkurransen i telemarknaden aukar, men er framleis ikkje tilfredsstillande. I juni vedtok Stortinget ny lov om elektronisk kommunikasjon som avløyser telelova. Den nye lova tok til å gjelde i juli.

Regjeringa har lyst ut auksjonar for dei to ledige 3G-mobilkonsesjonane.

Det er forhandla fram ei jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag innanfor ramma av det inntektspolitiske samarbeidet. Regjeringa la fram ein proposisjon om avtale som Stortinget slutta seg til.

Stortingsmeldinga om dyrehald og dyrevelferd vart handsama i Stortinget i juni. Stortinget slutta seg i hovudsak til dei forslaga som Regjeringa hadde fremja.

Regjeringa la i mai fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny lov om konsesjon ved kjøp av fast eigedom. I lovforslaget gjer ein mellom anna framlegg om å heve arealgrensa etter gjeldande lov til 100 dekar når ikkje meir enn 20 dekar av desse er fulldyrka mark.

Reguleringane av fisket er forenkla, m.a. ved auka bruk av samlekvotar. Det gjer at ein i større grad veit kva reguleringane går ut på og at forholda blir lagde betre til rette for at fiskarane meir enn før kan ha fokus på kvalitet framfor kvantum.

Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflåten er ført vidare for å betre lønnsemda for fartøya og skape grunnlag for fornying. Ordninga med einingskvotar er innført for nesten alle grupper innanfor havfiskeflåten. Stortinget har handsama stortingsmeldinga om strukturtiltak i kystfiskeflåten.

For å bidra til å byggje opp igjen torskebestanden i Nordsjøen er det innført strenge reguleringar for kven som får delta i fisket etter torsk i Nordsjøen og korleis det skal drivast.

Noreg har etter avtaler som er inngått med Russland, EU, Færøyane og Island, fått auka sin del av totalkvoten av norsk vårgytande sild.

Som ledd i arbeidet med rømmingssikrande tiltak i oppdrettsnæringa vart det i august 2003 fastsett eiga forskrift om krav til teknisk standard for anlegg og utstyr som blir nytta i oppdrettsverksemda.

Regjeringa har styrkt innsatsen i utviklinga av torskeoppdrett ytterlegare, og det er i år gjort viktige framsteg med omsyn til stabil storskalaproduksjon av torskeyngel og settefisk i oppdrett.

Nedgangen i eksportverdien av fisk og fiskeprodukt heldt fram også i 2002. I 2002 utgjorde eksportverdien 28,7 mrd. kroner, som er ein nedgang på 1,9 mrd. kroner i forhold til året før.

Havressurslovutvalet vart nedsett våren 2003. Utvalet skal revidere nogjeldande saltvassfiskelov frå 1983 og vurdere korleis verkeområdet for lova kan utvidast til å omfatte forvaltning av marine organismar generelt.

Det rådgivande utvalet for marin verneplan overleverte framlegget sitt i februar i år.

I august 2003 vart det nye havforskingsfartøyet "G.O. Sars" sett i ordinær drift.

Fleire korallrev i havområda våre er no verna ved lov for å hindre at desse strukturane, som økologisk er svært viktige, blir øydelagde. Tidlegare i år vart det største av desse djuphavskorallreva, Røstrevet, verna.

Regjeringa har samla det organisatoriske ansvaret for oljevernberedskapen i Fiskeridepartementet og Kystverket.

Regjeringa arbeider aktivt for å styrkje tryggleiken langs kysten. Det er sett i gang ein anbodsrunde for innleige av to beredskapsfartøy som skal plasserast i Finnmark. Det er halde møte med det russiske transportministeriet for å vidareutvikle det tosidige samarbeidet på sjøtryggleiks- og oljeberedskapsområdet. På grunnlag av behandlinga av pro-