Side:Rikets tilstand 03.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


ner. Av dette står utanriks sjøfart for 101 mrd. norske kroner og 17 000 sysselsette. Talet på skip i den norske handelsflåten vart redusert med om lag 2 pst. i perioden 2001 til 2002. Vidare fann det stad ein liten auke i talet på skip som er registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister. Talet på skip som er registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister, vart redusert med 4 pst. i perioden. Rekna i tonnasje er nedgangen på 10 pst. frå 2001 til 2002.

Regjeringa følgjer aktivt opp eNoreg 2005 og har mellom anna lagt fram to tilstandsrapportar om utviklinga av informasjonssamfunnet. I februar la Regjeringa fram ein strategi for IKT i offentleg sektor.

I september la Regjeringa fram ei stortingsmelding om breiband. I meldinga blir det lagt vekt på kor viktig breiband er for næringsliv og offentleg sektor.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for informasjonstryggleik. Formålet er å auke tilliten til elektroniske tenester og stå betre rusta til å møte både små og store angrep mot norske IT-system.

Regjeringa har i samarbeid med daglegvarebransjen arbeidd med tiltak for å gjere forsyningssystema meir robuste, med særleg vekt på Nord-Noreg. Regjeringa har arbeidd med ei modernisering av systemet for statleg varekrigsforsikring, for framleis å kunne sikre varer under transport i krisesituasjonar. Lovforslaget vart lagt fram for Stortinget i juni.

Nærings- og handelsdepartementet la i juni fram ein rapport, "EUs Lisboa-strategi – hva gjør Norge?", som gjer greie for kva relevans strategien har for Noreg og arbeidet til Regjeringa på dei områda som er omfatta av strategien.

Statens vegvesen er omorganisert med verknad frå 1. januar 2003. Omorganiseringa fører til eit klart skille mellom styringsoppgåver og produksjonsverksemd og større effektivitet i utføringa av oppgåver. Produksjonsverksemda er skilt ut i eit eige selskap, Mesta AS. Forvaltningsdelen er organisert i fem regionar som er lokaliserte til Lillehammer, Arendal, Leikanger, Molde og Bodø.

Luftfartsverket vart frå 1. januar 2003 omdanna til aksjeselskapet Avinor AS med sikte på å gi verksemda eit klarare økonomisk ansvar og større handlefridom.

Flytrafikken målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, viste i 2002 ein nedgang på 2,8 pst. samanlikna med 2001. Innanrikstrafikken fall med 4,9 pst. Trafikk til og frå utlandet gjekk opp med 5,5 pst. I første halvår 2003 har flytrafikken vist ein aukande tendens.

For å betre tryggleiken for helikoptertransport på kontinentalsokkelen er det under leiing av Luftfartstilsynet oppretta eit breitt samansett samarbeidsforum for helikoptertryggleik.

Eigarskapen til Flytoget AS vart overført frå NSB AS til Samferdselsdepartementet frå 1. januar 2003. Det er i 2003 gitt løyving til å setje i gang utbygging av eit lukka mobiltelefonisystem, GSM-R, på Nordlandsbanen for å sikre kommunikasjonen på strekninga Bodø - Rognan.

I 2002 vart 12 395 personar skadde og 310 drepne som ei følgje av 8 724 vegtrafikkulykker. Det er 35 fleire omkomne enn i 2001. Men talet på omkomne pr. første halvår 2003 er lågare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Førebels tal viser at 2 personar omkom i jernbane- og tunnelbaneulykker i 2002 og 2 personar omkom i luftfartsulykker. Regjeringa legg i det langsiktige trafikktryggingsarbeidet til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde.

For å auke trafikktryggleiken er det blant anna innført obligatorisk innføringskurs i føraropplæring frå 1. juli. Det er vidare vedteke å innføre prikkbelastning av førarkortet. For 2002–2003 er det satsa sterkt på rassikring.

Det er gjennomført tiltak langs veg- og jernbanenettet for å redusere støyplagene. Lokal og regional luftforureining frå vegbruk er også redusert som følgje av mindre bruk av piggdekk og fornying av kjøretøyparken.

Det er våren 2003 sett ned ei ekspertgruppe som skal gi råd om korleis Noreg best kan bidra til å skunde på bruk av hydrogen og nullutsleppsteknologi i transportsektoren. I juni sette samferd-