Side:Rikets tilstand 01.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Ein samla verdsopinion har fordømt dei grufulle terrorangrepa mot USA. USA har fått massiv og eintydig støtte. Tryggingsrådet i FN har heilt klart slått fast at USA har rett til individuelt og kollektivt sjølvforsvar. NATO ser på angrepet mot USA som eit angrep mot alle allierte, dersom det blir klarlagt at angrepet kom utanfrå. Regjeringa stiller seg fullt og heilt bak vedtaka i FN og NATO.

Noreg støttar aktivt opp om arbeidet med å byggje ein brei internasjonal koalisjon mot terrorisme. Denne kampen kan berre vinnast gjennom eit breitt sett av verkemiddel. Najonalt har Regjeringa teke dei steg som er nødvendige for å verne norske borgarar og sikre norsk territorium.

Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve for norsk utanrikspolitikk å medverke til at globaliseringa får eit innhald og blir styrt slik at verdssamfunnet blir betre organisert og meir rettferdig. Regjeringa har sett i gang ei utgreiing av verknadene av globaliseringa og moglege tiltak for å motverke negative verknader av internasjonale marknadskrefter.

Noreg har vore ein pådrivar for å verkeleggjere dei måla som er nedfelte i FNs tusenårserklæring der kampen mot fattigdom er ein leietråd. Noreg har aktivt støtta reformarbeidet til Generalsekretæren.

Noregs toårsperiode i Tryggingsrådet i FN frå januar 2001 gjev oss eit eineståande høve til å spele ei framskoten rolle i internasjonal politikk. Regjeringa har derfor gjeve dette arbeidet svært høg prioritet. Frå norsk side er det særleg lagt vekt på å styrkje FNs evne til å førebyggje og løyse dei mange og vanskelege konfliktane som verdssamfunnet i dag står overfor.

EØS-avtala er framleis ankerfestet i Noregs forhold til Den europeiske unionen, samtidig som vi har teke del i dei nye samarbeidsprosessane innanfor EU. Vi har også teke medansvar for utviklinga i Europa.

Regjeringa støttar den planlagde utvidinga av EU, og det er vedteke ein handlingsplan for å hjelpe søkjarlanda med å førebu seg på EU- og EØS-medlemskap.

Noreg har aktivt medverka til å tilpasse NATO-alliansen til endra tryggingspolitiske rammevilkår. Kampen mot internasjonal terrorisme er ein viktig del av oppgåvene til NATO. Regjeringa støttar utviklinga av ein eigen europeisk forsvars- og tryggingspolitisk identitet gjennom ESDP-samarbeidet. Regjeringa ser dette som eit bidrag til å styrkje NATO og å oppnå ei meir balansert fordeling av byrder og oppgåver mellom USA og Europa. Det er