Side:Per Sivle - Sogor.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kjem det daa ein annan fant rekande.

„Nei — — er det ikkje han Anton ? — Goddag, goddag! er du her?“ sa han.

Han Anton vart som var han klumsa.

„Ja, eg kann helsa fraa Dramn,“ tok den andre i att, og flirde.

Og snart sagt, ei stund seinare kom lensmannen køyrande, skulde hava tak i taterfylgjet. — Han fortalde um brev fraa Dramn, der hadde han Anton kona og tri born paa fatigkassa, sidan han sjølv var rømd, skuldig i tjuvsbrot.

— Tateren var ikkje aa finna. — Han vart sidan gripen burte ved Bergen. — Men ho Birta laut fylgja med lensmannen og vart sett i holet. — Dei tvo smaaungarne maatte bygdi taka seg av.

Han Nils vart aaleine att uppe paa Harkahaugen; han vontest greida seg sjølv, sa han.

Han dreiv mykje paa med snare-veiding, tok rjupor og harar som han selde til kræmaren, og fekk litevetta til livemaate att i staden.

Det høvde ikkje so til at me tvo raakast.

IV.

Vetteren var hard og kald, med ovmykje snø.

Paaskehelgi kom so tidleg det aaret; det var enno full vettrekjøld.

Men langfredagen slo det um i lyvêr. Trei stod kvite, lavande av frynserim, og den eine tunge dysjeblaa skybolken etter den andre steig upp um Kaldafjell og seig fram yver himmelen.

Ut paa kvelden bar det til aa ausregna, som du skulde slege vatn i eit saald.