Side:Per Sivle - Sogor.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Det spørst ikkje vel alle stader i morgon er eg rædd,“ sa han far.

„Ja Gud hjelpe deim som i faaren sit!“ svara ho mor til.

Det var snøskridorne dei meinte paa.

Og best som me sat med kveldsmaten vaar der høyrde me det dunde nede i dalen. Duren vart sterkare og sterkare so grunnen paa seinsten riste og skalv. — Det var storeskrida; me kjende henne paa maalet.

So small juveskrida laus — ho var no so kvassmælt ho — og sidan breidskrida og enno fleire. — Det heldt paa dynja og skaka alt i eitt.

Eg vart svevnug eg og smaug i seng. — Men dei vaksne vart sitjande uppe.

Det seinste eg saag og høyrde fyrr eg sovna var henne mor, som sat med salmeboki si og song.

— Eg vakna fjamseskræmd ved at eg vart riven or sengi og boren av stad. Og daa eg rett sansa meg var eg komen aat kjellaren, der han far og ho mor og huslyden stod halvnakne ikring paa blaute jordgolvet.

Kvinnfolki anka seg og tuta, og kararne var heller bleike og smaalaatne.

— Jau, der hadde gjenge ei skrida ned straks vestan garden, sagte var nokre av husi skamferde, — og ingen kunde vita kva som i næste blinken vilde henda.

— For endaa Kvaale ligg i livd under fjøshamaren, sa segni at garden for tvo hundrad aar sidan var riven av ei snøskrida.

— Men der var sidan um natti heiltupp skridekurt. Og i graalysingi gjekk me uppatt i stova.