Side:Per Sivle - Sogor.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Rette faren hans, som var avliden fem aar sidan, aatte heime aust i Valdres; der han var skulemeister. Ho Birta tok han til seg or eit fantefylgje; ho var berre tolv-trettan aar den tid. Naar ho so vart vaksi, gifte han seg med henne.

Han Nils var einaste barnet deira.

Faren, høyrdest det, hadde vore ein fagnamann i alle luter. Det var tanken hans kosta sonen paa storskule. „Um eg kunde liva den dagen eg fekk styra songen i kyrkja, der du Nils stod med prestekragen paa!“ sa han ein kvelden han sat rugga gutungen paa fanget.

Men so døydde han. — Og daa vart det slutt med lukkedagarne hans Nils.

Tvo aar seinare kom han Anton reikjande. Han gav seg til der i grendi um sumaren. — So vart ho Birta umhende.

Fram paa hausten skunda ho seg gjera i pengar alt det ho aatte, stal seg sidan ut or bygdi med han Anton; og han vesle Nils laut slaa fylgje.

Dei hadde rakla vida ikring paa fantestig, mest nordan- og vestanfjells. Vigde vart han Anton og ho Birta ikkje. Eldste barnet deira kom til uppe ved Røros, det andre burte paa Strilelandet. Faren auste vatn paa deim og gav deim namn; i kyrkja hadde dei ikkje vore.

Det var grøtande so ilt arme gutekroken hadde slite, og reint ut dipleg høyra kor beisteleg han Anton hadde dengt han for aa faa han til aa segja „far“.

„Og han hatar meg. — — — For han veit eg hev frett at han nede i Dramn — — —. Aa, men bia, bia berre til eg vert stor! — — eg skal brjota