Side:Per Sivle - Sogor.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

han alltid, aldri so lite eg anda ordet. Og hendig som han var, laga han aat meg so det eine og so det andre som han kunde tru vilde fegna meg.

— Naar me andre borni fór ute leika oss var det sjeldan han var med i laget. Anten sat han inne med boki, eller og stod han gjerne smaalog og saag paa.

Eg hadde ofte freista faa røyna han i ryggjetak; men det var jamnan at han bar seg undan. So var det ein gong eg ikkje gav meg fyrr han laut til. Og eg kjende straks det, at han stod traust. Me baska eit bilet, han berre varde seg alt medan det at eg vart fusare og fusare. — Jau, der saag eg meg syn setja fot fyre so eg fekk han paa rygg ned i snøen.

„No tapte du!“ ropa eg byrg.

„Ja, eg gjorde det,“ svara han lognt, som det brydde han seg ikkje vidare um. Eg baud paa taka taket uppatt, eg; men han vilde kje meir.

„Han fæler han taper,“ tenkte eg, og lét han vera i fred.

— Det bar so til fram paa vetteren at han fortalde meg korleis det var det hekk saman med folket hans.

Han var tung i hugen den dagen, og eg kunde sjaa han hadde graate. Fyrst svara han lite eller inkje daa eg frega kva som vanta. Men so lyfte han andlitet.

„Ja, du skal likevel faa vita det, du Per; for eg veit du ikkje vil segja det til nokon,“ sa han.

Han hadde elles alltid gjenge utanum naar eg etla meg inn paa kva han hadde meint med det, at han Anton ikkje var far hans. Men no fekk eg greida paa heile hekla.