Side:Per Sivle - Sogor.djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det ubeistet. Aa det ubeistet! — Aa lambet mitt! — det einaste lambet mitt!

„Ja menn fekk du takk for umaken, du Per og no!“ flirde han Salamon.

— Eg var ikkje lenge um aa faa paa meg helgeplaggi mine um morgonen, daa eg vart paalagd gaa til lensmannen og beda han koma gjera ei greida med hunden sin.

Men det trega meg harmeleg aa sjaa kor skalkut han far kneip lipporne ihop daa han saag kor annsamt eg hadde det med aa koma av garde. — Nei, aa nei, for ein tull, for ein tull eg hadde vore!

Lensmannen banna so det berre gneista um han daa eg hadde bore bodi fram; for det vilde kor som var verta hans sak aa bøta skaden.

Tidleg dagen etter kom han køyrande, og han og han Salamon og tri andre karar, med kvar si rifla paa oksli og med fire hundar i fylgje, tok til skogs.

Utpaa kvelden kom dei heimatt til Kvaale.

Dei kunde segja ifraa at hundarne sistpaa hadde fenge teven av røvaren øvst uppe i Lundeleinerne og jaga han fram. Men han Frigar hans Ola Teigen, som vaaga seg for langt innpaa, vart liggjande att med uppriven mage.

Sidan hadde han Hall — saara som dei trudde av eikor av dei fem kulorne dei sende han — teke laupet inn imillom ville fjelli burtetter Sygneleidi, og det gjorde baade varde og rokk fyrr dei andre hundarne kom tilbake.

Ja ja, han hadde ikkje fortent det betre heller! — Men var det kje endaa so eg ikkje var god for lata vera hava vondt av han likevel, tjonet!