Side:Per Sivle - Sogor.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
III.

Eg kjem no i soga mi til den bolken um kjærleiken; for desse kvinnfolki lyt no gjerne vera med i alt her i denne verdi.

Jau, det var just paa denne tidi at hugen min fyrste gongen stod i loge for ei gjenta si skuld.

Eg kunde gjerne fortelja at sovore aldri sidan hev hendt meg; men folk er no jamt so kloke dei, maavita, og eg fæler dei ikkje vilde tru meg kor som er, og daa var det liten mun, — so eg vil heller lata det vera.

Eg hev tidt og traatt baade høyrt og lese at kvinna er det glupaste skaparen hev laga. — Og dette kann gjerne so vera. — Visst er det, at noko so fint og i alle luter framifraa som ho vesle Eli Lunde kunde eg ikkje for augo mine sjaa den gongen. Ho var paa lag eit aar yngre ho enn eg, og det var i skulen vinteren framfyreaat at ho fekk so fast eit feste i hjarta mitt.

Eg hugsar henne vissa som ho ein morgon kom inn i skulestova ho og systeri. Kaldt i vêret var det, og innefugga var ho so snaudt nok nasetippen var sjaaande. Men daa ho so fekk løyst av seg den store graa-rutute hovudduken og stod der blenkjande med sitt smørgule haar, rundlagd og raud i kjakarne som eit eple, lumsig og god, men endaa so sprettande hortig i gule skinntrøya si med kvite ullfalden nedantil, og med stutte, blaae stakken sprikjande kring leggjerne, som i høgraude sokkar stakk upp or dei tvo halvstyvlarne, — ja, daa var eg seld med same! Fraa den stundi stod det naglfast i hugen min, at ho og ingi onnor skulde vera gjenta mi.