Side:Per Sivle - Sogor.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Eg kunde ikkje anna, eg laut hava ein aa fortelja det til; og det sa seg daa sjølv at det vart han Sjur-Ola.

„Ja, so kunde eg taka henne Aasa, eg,“ sa han; det var systeri det.

Ja, det maatte han meir enn gjerne; og me tvo verbrørne gav daa kvarandre handi paa dette, aalvorsleg og stødleg som dei vaksnaste karar.

Eg hadde høgtid eg naar eg kunde vera der ho Eli var; det vart som sundag med sol um sumaren berre eg saag henne. Var andre i laget med, vart det med naudi eg fekk maalet upp for blygsla; men høvde det so me var for sjølve oss, daa kann det vel henda der var liv baade i prat og leik! Vera henne hjelpen og beinkesam, bera tina hennar, brøyta veg igjenom snøskavlarne naar me gjekk i skulen saman, det var min største hugnad. Var det noko ho bad meg um — og det var ho ikkje bljug for —, var det sjeldan eller aldri eg vann segja nei. Ho skyna nok berre altfor vel, trollet, at eg lika henne serlaga. Og som ho kunde finna paa pina meg naar det fyrst sveiv henne! Det var soleis ein dagen fram paa vaaren at lensmanns-sonen, han Knut, var burte paa Lunde i fylgje med far sin; og eg var der og. Me var jamaldringar, eg og han Knut. — Jau, so var ho so stor paa det daa at ho ikkje lest sjaa til den sida der eg var eingong, berre gjekk dragsa med honom, skulde syna baade dette og dette; det saag endaa ut som eg snaudt nok skulde hava lov vera med, eg. Paa seinsten vart eg so arg at eg egla meg i basketak med han Knut og smurde han dugeleg upp. So vart det paa timen eg daa som var henne den likaste.