Side:Per Sivle - Sogor.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

berre bivra og krøkte seg kvar gongen svipa kom sjugande gjenom lufti.

Men best som det var braaskaut han seg attende, og so frami att, so du skulde tru bein og bunor hadde broste. Han tevla og sparka, berre gav paa og gav paa. Men det hjelpte ikkje, — vogni rikka seg kje eingong.

Daa glatt taket undan framføterne so han kom paa knei ned i blaute gyrja. Og soleis vart han standande still framstupa, utan so mykje som aa freista koma seg uppatt, med alt det karen skreik og slo verre enn nokosinne.

Det var ved dette leitet at eg gjekk burtaat. — Og der i den hestehausen vart eg var tvo augo, som fekk kvar strengen i sjæli mi til aa dirra. Eg kann enno i minnet mana meg fram att livet i deim som ein blikrande ljoske gjenom tvo dimme hornrutor. — Endaa det vart ikkje berre at eg saag deim, eg tottest høyra deim og, — høyrde deim kviskra meg inn i sjæli denne kjøvande kjensla av hjelpelaus.

— Um sovore var folkeferd med eit umælande dyr?! busa eg ut.

— Um eg vilde vera so god passa meg sjølv og elles halda min forbanna kjeft?! meinte mannen. Kva kom han og hesten hans meg ved? Eller kann henda eg hadde hug smaka svipa eg og? — so skulde det endaa verta raad med di; for det høvde seg just han i so maate hadde spander-broki paa seg, — lét han.

— Men kva so eg gjorde? — jau, eg flaug straks stad fekk fat i ein politimann, og han drog aat byen med baade karen og hesten. — Det var det seinste eg saag deim.