Side:Per Sivle - Sogor.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
III.

Det var fem aar seinare. Eg var komen til Kristiania daa, og dreiv paa med mensa og slikt noko.

Høvde det seg so ein dagen at eg hadde ærend upp paa Hegdehaugen.

Det var slabbevêr so det forslo. Det smaaregnde, og skodda laag breidde seg kaldvaat og tung med tev av steinkolsrøyk og onnor ufysa, so det med naudi var raad til aa anda.

Uppe paa fortoget føta folk seg taatippa framum kvarandre i sufset, og berre einkvar skuleguten traska stad so det skrangla i skreppa hans medan søla stod honom i driva um styvleleggjerne.

Ute i gata var det som ei einaste elta av mold og snø og væta; det slafsa og skvatt um kvar hestehoven som stauka og um kvar kjerra som køyrde.

— Ovan halde-plassen saag eg ei vogn med eit munalegt mursteinslass. Ho kom ikkje av flekken; for hjuli hadde bite seg fast nede i surpa.

Køyrekaren saag ut til aa vera ein vaterlandsslusk av velten. Full var han so han sjangla.

Hesten var ein brun tunnvoren ein. Han stræva det han vann, han; graakvite skumet valt honom nedetter sidorne, nedan hyvret synte det seg jamvel blod i, so der var han sagte broten, stakar. — Det var sjaaande kor han spende alle senar kvar gongen han la seg i selen og nykte og nykte, no ende fram, so til den eine sida og so til den andre.

Men mannen berre skreik og banna og bruka svipa alt i eitt.

So var det som hesten gav seg reint yver. Han stod eit bil og hengde med hovudet, teva og teva,