Side:Nye testamente (1889).djvu/56

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



50 Men Jesus sagde til honom: „Kjere. kvat er du her fyre?" Daa kom dei fram og lagde Hand paa lefus og greip honom.
51 Og sjaa, ein av deim, som var med Jesus, rette Handi ut og drog sitt Sverd og slog til Tenaren aat Øvstepresten og hogg av honom Øyrat.
52 Daa segjer Jesus til honom: „Stikk Sverdet ditt i Slidra ! for alle dei, som taka til Sverd, skulo falla fyre Sverd.
53 Elder tenkjer du, at eg ikkje strakst kunde bede min Fader, og han vilde senda meg meir enn tolv Legionar Englar?
54 Korleides skulde daa Skrifterna ver ta uppfyllte, at soleides skal det ganga til?"
55 Men i den Timen sagde Jesus til Folket: „Likasom mot ein Røvar ero de utgjengne med Sverd og Stavar og vilja fanga meg. Daglege sat eg hjaa dykker og lærde i Templet, og de greip meg ikkje.
56 Men dette heve altfaman hendt, at Skrifterna av Profetom skulde verta uppfyllte. Daa gjekk alle Læresveinarne fraa honom og flydde.
57 Men dei, som hadde gripet Jesus, førde honom til Øvstepresten Kaifas, der dei Skriftlærde og Eldste var komne saman.
58 Men Petrus fylgde honom langt attanfyre inn paa Garden til Øvstepresten. Og han gjekk inn og sette seg i Lag med Tenarom til aa sjaa Endelykti.
59 Men Øvsteprestarne og dei Eldste og heile Raadet førte falske Vitnemaal imot Jesus, so at dei kunde døyda honom.
60 Og dei fann Inkje; og enndaa det kom fram mange falske Vitne, so fann dei Inkje. Men tilsist kom der fram tvo falske Vitne
61 og sagde: „Han heve sagt: Eg kann riva ned Guds Tempel og byggja det upp atter paa tri Dagar."
62 Og Øvstepresten stod upp og sagde til honom : „Svarar du Inkje? Kvat vitna desse imot deg?"
63 Men Jesus tagde. Og Øvstepresten svarade og sagde til honom: „Eg tek deg i Eid ved den livande Gud, at du segjer, um du er Kristus Guds Son!"
64 Jesus segjer til honom: Du sagde det. Men eg segjer dykker, at heretter skulo de sjaa Menneskjesonen sitjande ved høgre Handi aat Krafti og komande i Himmelskyom."
65 Daa reiv Øvstepresten Klede sine sunder og sagde : „Han spottade ! Kvat trenga me no meir til Vitne? Sjaa, no hava de høyrt hans Spotting!
66 Kvat tykkja de?" Men dei svarade og sagde: „Han er skyldig til Dauden."
67 Daa sputtade dei honom i Andlitet og slog honom med