Side:Norsk mållære.djvu/6

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Net de same gjeld om mange orð, som i norsk har vore skreve með y, men som har uttale som o eller ø. Veð å nytte dansken som peikestikke vil ein ogso her som oftast råke den manjamnaste uttalen. Slike orð er: mørk (myrk), dølje (dylje), dør (dyr), for (fyre), før (fyr), over (yver) o. s. b.

§5. Með syn på uttalen av meðlyðom må ein serleg gjive ans på d, g og k.

1. D vert som alraoftast ikkje uttalt, når han står åleine millom tvo sjølvlyða, t. d. skaðe, tiða, staðen, goðe; likeso når han står i enden av orð og har ein sjølvlyð strakst førre seg, som er lang, og som difor ikkje kreve noko tvifelle av den, når orðe får ei stavelse til; t. d. smeð, smeðen, (ikkje smedden), tið, tiða, (ikkje tidda). Derimot: fød, diat sjølvlyðen er støt og orðe difor i fl. og utpeika form heite fødde, gad (ɔ: ein gamp), som i utpeika form heite gadden, fl. gadda o. s. b.

Etter r vert d heller ikkje uttalt: orð, garð, borð o. s. v.

I samensette orð gjeld regelen, som om orða stoð kvar for seg, t. d. meðhjelpar (utt. me-hjelpar), goðdåm (utt. go-dåm).

Merkn. Slike lyðlause da fek i oldnorsk ein styng gjenom seg, og for å lette lesingja no i førstonne, gjiv some honom denne styngjen i nynorsk au. Etter l og n er d au oftast lyðlaus, men her får han ikkje styngjen, diat ein her ikkje er so freista til å uttala han; t. d. eld, sendt, (utt. ell, sent).

2. G og k har ein tvifelt uttale, ein harð og ein len. Den harðe er rein g og k slik som i gamp, kamp, tak, lag. Den lenne uttale bør altið neðteiknas mes bokstavom gj og kj, t. d. kjole, gjeit, markja, rikje, tekjen, kjyst, tygjel o. s. b.

Merkn. 1. Mange bruke ikkje å neðteikne den lenne uttalen av g og k með bokstavom gj og kj, når i eller y, ei eller øy kjem etter honom, oftom hellerikkje førre e, når han står i ei