Side:Norsk mållære.djvu/5

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Om lyðane.

§ 1. Lyðane i de norske måle er 24. Teikna for desse kalle vi bokstava, og namna på deim er : a, b, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, r, s, t, u, v, y, æ, ø, å. 9 av desse kalle vi sjølvlyða, nemleg: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Dei andre vert kalla meðlyða. Vi har desutan 3 tvilyða, nemleg: au, ei, øy.

§ 2. Sjølvlyðane er 2 slag: harðe og lenne, tvilyðane likeso. Harðe er: a, (au), o, u, å. Lenne er: e, (ei), i, y, æ, ø, (øy).

§ 3. Mange norske orð, som før ålmennelegast har vorte skreve með i uti roten (§ 7.), fel de lettare å skrive með e. På den måten vert desse orð lettare å lesa au. Desse orð er:

a. Einstavinga, som har berre ein meðlyð etter sjølvlyðen, og som har ein uttale, som er lang og på det næraste lik e, til dømes: strek, (strik), steg, (stig ɔ: skridt), bel, (bil) o. s. v.
b. Fleirstavinga, som har berre ein meðlyð millom rotsjølvlyðen og den følgjande sjølvlyðen (j ikkje meðrekna), og som har ein uttale, som er lang og nærast lik e; t. d. veka, stegje (ɔ: skridte), skjepa (ordne), o. s. v.

Merknað. Dei same reglane, som her er gjivne for ein større bruk av e, kunde au gjivas for æ, der e oftast før har vore bruka; men då misvisningja her er minre, tykkjes dette ombrøyte ikkje å vera so nauðtorvelegt. Orð, som her kunde nemnas, er: sæle (sele), væva (veva), o. s. v.

§ 4. Mange av dei orðom, som i norske bøker før har vore skreve með sjølvlyðen u, men som har ein uttale, som lig o eller ø mykje nærare, fel de lettare å skrive með ein av desse bokstavom. Ein brukfør peikepinne intil viðare er den danske skrivemåten, t. d. tørke (turke), somar (sumar), tør (tur), om (um), op (up) bort (burt). Hit høyre au de nektande o (u), som omtrent over de heile land høyres som o; t. d. otruleg, osagt, obrukeleg o. s. b.