Hopp til innhold

Side:Norsk mållære.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
  • De andre utpeikande kjønsorðe vert enten hengt i enden av tingorðe utan vidare, eller de et op endebokstaven, som orðe før har, t. d. hest-en, kak-a (for : kake-a) hus-e, hesta-ne, kako-ne, hus-a. I siðehøve fleirtal flyt dette kjønsorð altið samen með tingorSe til endingen: om (§4(3.).
  • De peiklause kjønsorðe har altið rome sit førre tingorðe. Somtið, men sjeldan, vert ei fleirtalsform bruka av dette orð og tyðe då nokre, t. d. kva for eine menner? ɔ: kva for nokre menner?
  • Skapnaðorðe.
    Likningformene.

    § 58. Den forma, som skapnaðorðe har, når vi bruke de utan å gjera noko samenlikning, vert kalla likningløyse, (glað, svart). Gjer vi derimot ei samenlikning, bruke vi enten meirmon, (glaðare svartare) eller mestemon (glaðast, svartast), t. d. Brokja var grøn, trøya grønare; men mannen var grønast.

    § 59. Meirmon vert dana veð å leggje: are til likningløyse, mestemon veð tilleg av: ast (aste).

    § 60. Istaðen for meirmon og mestemon kan, omstandsorðe: meir og mest setjas førre likningløyse, t. d. meire grøn, mest grøn ɔ: grønare, grønast.

    § 61. Nokre fåe orð får tilleggje: re, st (ste). Desse er: fa, høg, lang, små, stor, tung, ung. Alle desse har lent lyðbrigde undtakand høg, t. d. lang, lengre, lengst.

    Merkn. Nokre andre får jamnast: are, ast, men kan få: re, st. Orð, som ende på en eller er kaste denne een bort i meirmon og mestemon, t. d. open, opnare, opnast; mager, magrare, magrast.

    § 62. Mønsterlause er: goð, betre, best; liten, minre, minst; vond, verre, verst; (mykjen) meire, mest; gamal, eldre, eldst; mange, fleire, flest.