Side:Norsk mållære.djvu/14

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Lagt til skapnaðorð: Denne bera er gruveleg (ækte) sur; full av øl (oækte); glup til å riðe (oækte).

Lagt til omstandsorð: De var serdeiles (ækte) vel gjort. De var i (høgt) mål (oækte) klent gjort. (Høgt) er tingfylling til mål.

Merkn. 1. Somtið veri ein oækte omstandsdeil gjort til ækte, t, d. Eg reiste idag (eigjeutleg: i dag).

Merkn. 2. I dei oækte omstandsdeilom vert høveorðe ofte ikkje bruka, serleg er de tilfelle með slike, som utsegje ei vegt, eit mål eller ei tið, t. d. Vinters dag er de kalt.

Merkn. 3. Om inhalde av omstandsdeilen sjå §18 merkn. I.

Merkn. 4. Tingmåten av verkeorðe kan vi bruke i alle dei setningdeilom, der tingorð kan brukas. Men de er å merkje, at han likevel tek åt seg motdeil, siðedeil eller omstandsdeil, som verkeorðe elles gjer, t. d. Eg tok han i håre for å lugge (oækte omstaudsdeil) han (motdeil til lugge).

Om hovuðsetninga og undersetninga.

§ 32. Setningane er enten hovuðsetninga eller undersetninga.

§ 33. Ei hovuðsetning er ei setning, som gjiv ei full meining og difor kan stå åleine, t. d. Månen er rund. Sola skjin.

§ 34 Ei undersetning er ei setning, som ikkje kan stå åleine, men må knytas til ei anna setning, som då har same gagne av henne som av ein eller annan setningdeil.

Merkn. 1. Hovuðsetninga, som de ikkje er knyta noko undersetning til, vert av mange kalla sersetninga.

Merkn. 2. Ei hovuðsetning (sersetning) kan enten vera snauð eller utviða (§ 24 og 25.); likeso kan de vera með undersetningjen.

§ 35. Undersetningane er:

  1. Hovuðdeilsetning, som stend istaðen for ein hovuðdeil (§ 23.). At du skriv vakkert (hovuðdeil), er vist, (omsegndeil).