Side:Norsk mållære.djvu/11

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Om Setningsdeilene.

§ 22. Ei setning er ei slik samenknyting av orð, at de vert utsagt noko om eit eller anna.

§ 23. Kvar setning må soleiðs ha minst tvo deile, ein, som de vert utsagt noko om, og ein, som inneheld utsegna. Den første deil heite hovuðdeilen, den andre omsegndeilen eller berre omsegna.

Merk. 1. Omsegndeilen opgjiv:

  1. enten kva hovuðdeilen er, (då vert, omsegna samenset av eit tingorð og hjelpeverkeorð, t. d. Hesten er eit dyr).
  2. eller korleiðs hovuðdeilen er, (då vert omsegna samenset av eit ækte skapnaðorð og hjelpeverkeordð t. d . hesten er stor).
  3. eller kva hovuðdeilea gjer (gjerande verkeset); eller kva de vert gjort veð honom (veðgjort verkeset). I desse tilfellom bruke omsegna berre eit verkeorð, eller ho vert samenset av hjelpeverkeorð og sjølvstenduge verkeorð. I dei tvo første tilfellom vert dyr og stor kalla omsegnorð, men «er dyr» og «er stor» er omsegndeilene. (Sjå §78).

Merk. 2. I tilsetsetninga vert hovuðdeilen oftast onemnt, t, d. kom! gå!

§ 24. Ei setning, som har berre hovuðdeil og omsegndeil, kalle vi ei snauð setning.

§ 25. Ei setning, som forutan hovuðdeil og om segndeil ogso har andre setningdeile, kalle vi ei utviða setning.

§ 26. Desse andre setningdeilene er enten: tingfylling, motdeil, siðedeil eller omstandsdeil.

Merkn. Varorðfylling vert rekna som tingfylling, með di varorðe stend istaðen for tingorð.

§ 27. Tingfylling kalle vi den setningdeilen, som (utan å vera omsegndeil) opgjiv eit eller anna kjennemerkje veð ein ting. Tingfylling kan følgjande orð vera: tingorð (varorð), skapnaðorð (ækte og oækte), talorð og tingmåten av verkeorðe.