Side:Norsk mållære.djvu/10

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


§ 18. Omstandsorða er orð, som utsegje ei utgreiðing eller eit omstand veð eit verkeorð, skapnaðorð eller anna omstandsorð: Spring fort! Ein ofse flink man. Overlag godt inballa.

Merkn. 1 . Omstandsorða opgjiv som oftast:

  1. Tið-omstand: no, då, igar.
  2. Rom-omstand: borte, heime, her, der, neð.
  3. Måte-omstand: korleiðs, soleiðs, vel.
  4. Orsak-omstand: difor.
  5. Motsetning-omstand: likevel.
  6. Jattande omstand: ja, visseleg, jau.
  7. Nektande omstand: nei, langtifra.

Merkn. 2 Mange omstandsorð likne skapnaðorðom. Dei kjennes frå desse ve de, at skapnaðorðe altið må vera lagt til eit tingorð (§ 27 merkn. 2) eller sjølv stå som eit tingorð (27 merkn. 3) eller au stå som omsegnorð (§ 23 merk). Omstandsorðe må altið) vera omstandsdeil (§ 31).

§ 19. Høveorða er eigjentleg understellande bindeorð (§ 20) og bind ein understelt setningdeil til ein overstelt.

§ 20. Bindeorða er tvo slag: siðestellande, som bind samen tvo (eller fleire) setningdeile eller setninga av same slag, og understellande, som bind ei understelt setning til ei overstelt.

Siðestellande er: og, både — og; eller, korkje — eller; enten — eller; men. Understellande er at, då, diat, innan, ændå, meðan, når, soframt at (som), om, ifal, o. s. b.

§ 21. Utropsorða er orð, som i seg sjølv ingja meining har men gjiv tilkjende, at ei kjensle av eit eller anna slag fins i rikt mål, t. d. au! å! uf! huf! hurra! hei!

Merkn. Slike orð er å likne með lyðane, som dyra føre fram.