Hopp til innhold

Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
7
Æventyri paa vandring.


Det fyrste av dei er æventyret

Han far sjøl i stua[1].

Det var ein gong ein mann som budde burti ein skog; han hadde so mange sauer og gjeiter, men aldri kunde han hava dei i fred for graabeinen. »Eg skal vel lura den graatassen,« sa han til slutt, og gav seg til aa grava ei vargstova. Daa han hadde grave djupt nok, sette han ein stolpe midt ned i vargstova, og paa den stolpen slo han ei skiva, og paa den skiva sette han ein liten hund, og utyver grefti la han kvister og bar og anna rusk, og ovanpaa det straadde han snø, so tassen skulde ikkje sjaa det var ei greft under. Daa det leid fram paa natti, vart den vesle hunden lei av aa standa der, »Vov, vov, vov!« sa han, og gjøydde mot maanen. So kom det ein rev lakkande og lakkande, og tenkte han rett skulde gjera marknad, og so gjorde han eit hopp — lukt ned i vargstova. Daa det leid noko lenger ut paa natti, so vart den vesle hunden so lei og svolten, og so tok han paa aa gjøy og gneldra. »Vov, vov, vov!« sa han. Rett som det var, kom det ein graabein taslande og taslande; han tenkte nok han skulde nappa seg ei feit steik, og so gjorde han eit byks — beint ned i vargstova. Daa det leid fram til graalysingi um morgoen, kom nordansnoen, og det vart so kaldt, so den vesle hunden stod og fraus og skalv, og so var han so trøytt og svolten. »Vov, vov, vov, vov!« sa han, og gjøydde og gjøydde. So kom det ein bjønn labbande og labbande burtetter og hufsa paa seg, og tenkte han skulde nok faa seg ein godbite paa morgokvisten; dermed hufsa han seg ut paa kvisterne — bums ned i vargstova.

Daa det leid noko lenger ut paa morgoen, kom der raklande ei gamall fantekjering, som slang garde-millom med ein pose paa ryggen. Daa ho vart var den vesle hunden, som stod der og gjøydde, laut ho burtaat og sjaa, um det var kome dyr i vargstova um natti. Ja, ho la seg paa kne og kika nedi.

»Er du komen i fella no, Mikkel?« sa ho til reven, for honom saag ho fyrst; »alt eit aat deg, din hønsetjuv!

  1. Etter Asbjørnsen og Moe: »Norske folke-eventyr«.