Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
5
Æventyri paa vandring.

eg ikkje gjera her helder. Men eg hev tenkt meg, at det kunde vera forvitnelegt for ein og annan aa sjaa noko av det me veit um ymse av desse æventyri og deira soga, berre med eit par av dei, og berre i store, lause drag. Noko um deira vandringar og umskifte.

For æventyri hev vandra, — stundom i skrift, fraa det eine lands bokheim til det andre, men, oftaste i fraasegn, fraa munn til munn. Det er ikkje so faa æventyr som ein ser det paa straks, at dei er framande, endaa um dei hev vore ei tid her i landet. Dei liksom brigdar paa maalet, som svenskar og tyskarar, endaa um dei hev butt her ei stund. Men det er ogso æventyr som ingen kan sjaa det paa, at dei er av utlendsk ætt. Me tykkjer det kan ikkje vera noko meir norsk en nettupp dei. Og likevel kan dei vera komne utanlands fraa, dei med.

Me veit, at her i nordlandi er det funne ymse framande mynter i jordi fraa gamle dagar, ikkje berre engelske, tyske og franske, men ogso græske og romerske, og jamvel arabiske og fønikiske. Korleis er no desse mynterne komne til os? Visst ikkje ofte paa den maaten, at det hev vore folk so langt sunnanfraa her nord i dei tider, elder folk herifraa der nede. Nei, det maa nok mest hava gjenge fyre seg paa den visen, at mynterne hev vandra sjølve, gjenge fraa hand til hand gjenom det eine land etter det andre. — Like eins med dei ymse dyreslag. Dei med hev vandra. Katten kom til Sudeuropa paa lag ved Kristi tider, og fyrst lang tid etter, ei 1000 aar seinare, kom han til Nordeuropa. Rotta kom i millomalderen, og den vanlege brune rotta naadde ikkje her upp til Norge fyrr i fyrsten av dette hundradaaret. Paa Ringerike og uppe i Vinger og Odalen veit folk endaa aa fortelja um det, korleis rottorne kom symjande som ein lemend-hær yver Bægna-elvi og Glomma.

Soleis vandrar æventyri med, — mange av dei daa, fraa munn til munn, gjenom land etter land. Det undrar os aa høyra,