Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
4
Æventyri paa vandring.

aa gjeva ei fullnøgjeleg utgreiing av det spursmaalet, kva eit æventyr er, slik at det maatar til æventyr av alle slag, fraa alle tider og fraa alle land. Æventyr fraa det eine folket og den eine tidi skil seg ofte mykje fraa dei som skriv seg fraa andre folk og fraa andre tider. Tenk paa, at me hev æventyr allvisst fraa 1500 aar fyre Kristus (fraa Ægypten) — at eskimoarne og negrarne hev æventyr, likso væl dei som India-folket og Europa-folki. I det heile er det altfor mange serslag av æventyr, til at det skulde lata seg gjera aa samla deira ulike, ofte motstridande kjennemerke i eit umgrip, under ein hatt. Soleis — for aa halda os til vaar norske æventyrskatt — so hev me: trollæventyr, som »Oskeladden som kapp-aat med trollet«, — hekseæventyr, som »Lurvehetta «, — ljugaræventyr, som »Oskeladden som fekk kongsdotteri til aa løgsta seg«, — skalkeæventyr, som »Meistartjuven«; me hev æventyr um Vaarherre og Sankt Peter, elder um fanden, æventyr um dyr elder um livlause ting, som »Pannekaka« og »Bjønnen og reven«, — um sløgd elder faavit, som »Galnemattis« og »Kongsdotteri som ingen kunde maalbinda«, — um mann og kjering, som »Mannen som skulde stella heime« og »Kjeringi mot straumen« … og mange andre, i det endelause. Det er med dette som med trei i ein skog: Der er mange slags tre; det er gran og furu, det er bjørk og osp og ask, og av kvart slag er det igjen mange ulike: smaa og store, unge og gamle, fraa den eldgamle rotvelta, som held paa aa morkna, til den unge aalrenningen, som nettupp brydder upp or skogbotnen med si fyrste friske grønska. Kvart eit av desse treslag er noko for seg sjølv, og kvart tre for seg hev si soga. Like eins er kvart serslag av æventyr noko for seg sjølv, og kvart æventyr for seg hev sit upphav, si soga, til skilnad fraa alle dei andre.

Derfor kunde eg ikkje svara, soleis under eit, paa det spursmaalet: »Kvar kjem æventyri fraa?« … Og det kan