Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
25
Æventyri paa vandring.

saksisk dikt som er eldre en den fyrste krossferdi, at baade Tyskland og Frankrike hev gamle dikt um det same emnet, at ho er aa finna i latinske sogesamlingar fraa det 12te hundradaaret, ja at heilt fraa 1230 av vart ho fleire gonger nytta i preikor — berre med noko skiftande bunad, til aa aatvara mot kjekl og trættesykja. Me kan nemna med namn den prestemann som fyrst brukte forteljingi paa preikestolen. Det var ein av millomalderens stortalarar, den franske bisp Jakob av Vitry. Han maa hava høyrt henne baade i Syria, der han fyrst var bisp, og i Frankrike. Han sjølv, og ein av hans læresveinar etter honom, nyttar tri ulike utgaavor av soga. Den eine svarar i eit og alt til den provençalske, som Mistral hev fortalt. Den andre lyder slik:

Eg hev ein gong høyrt um ei trættekjær kona, som gjekk paa aakren med mannen sin og saag etter um konnet paa stauren var turt. »Han er pent skoren, denne aakren,« sa mannen. »Du ser vel han er klipt, veit eg!« svara kjeringi. »Er han ikkje skoren daa, — med sigd?« sa mannen. »Aa langt ifraa! klipt er han, med ei sauesoks,« sa kjeringi. Sistpaa vart mannen so sint, at han tok og skar tunga av paa kona. Men ho gav seg ikkje, — rette henderne upp, og til aa klippa og klippa med fingrarne i lufti.

Den tridje er noko annarleis:

Ein mann hadde ei kona som var so vrang og tverr, so ho altid gjorde beint imot det han bad henne um, og altid var sur og sint, naar ho skulde taka imot gjester som kom til mannen. Ein dag det var framandfolk der, hadde dei duka bordet nede i hagen, tett ved elvi. Kjeringi sette seg med ryggen til elvi, eit stykke ifraa bordet, sur og lei som vanleg. »Ver daa noko hyggjeleg med gjesterne vaare, og set deg nærare inn aat bordet,« sa mannen. Men ho gjorde beint imot, drog seg berre lenger fraa. Mannen tok uppatt det han hadde sagt. Daa tok ho i og skuva stolen hardt attende, so ho gjekk paa ryggen ut i elvi og vart burte. Mannen fekk seg ein baat, og tok til aa leita etter henne upetter elvi. Daa so folk spurde honom, korleis han kunde falla paa aa leita etter kona ovanfor der ho