Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
23
Æventyri paa vandring.

folk av det slaget, fyrr dei fær utbrent alt det som minner um æventyret. Sjaa berre kor væl »Han far sjøl i stua« hev vorte renska for alt æventyrlegt i denne ulvegravs-soga fraa Jylland:

I Mammen var ulvarne vortne so djerve og gjorde so mykje ugagn. Gardeigarane tok seg daa fyre aa gjera ei ulvegrav til aa fanga dei i. Til aa leggja paa vippefjøli skulde kvar av dei etter umgang gjeva eit lamb. So var det ei girug kjering der, som ogso laut ut med eit lamb; men det gjekk henne fælt nær, og daa natti kom, stod ho upp og gjekk ut for aa taka att lambet. Men med det same ho skulde til aa taka etter lambet, vilde ulukka, at ho kom til aa stupa ned i grefti. Der fekk ho selskap, — med ein ulv, som var komen der fyre henne. Hadde han ikkje vore ille ved fyrr, so vart han det no, og trykte seg inn i ei kraa, og like eins kjeringi i den andre enden av grefti. Slik sat dei og glodde paa kvarandre, til det kom folk um morgoen for aa sjaa kva fangst dei hadde gjort.


»Han far sjøl i stua« er altso av dei æventyr som helst hev fylgt bokvegen paa sine vandringar. Lat os no sjaa paa eit av det store fylgjet som hev flakka meir fritt garde-millom og lande-millom, fraa mann til mann elder fraa munn til munn.

— Diktaren Mistral[1] sat ein kveld i hagen sin og høyrde paa ein bondemann og ei bondekona som gjekk ute paa vegen og kjekla med kvarandre. Mange av granne-folki sanka seg ikring, og hadde moro av kjeklet. »Ja, kva skal eg gjera?« sa mannen; »ho er nett som kjeringi aat den lusutte mannen!« — »Kva vil det segja?«

  1. Mistrál, fødd 1830 i Provence i Sudfrankrike, er ein vælkjend diktar og folkelivsskildrar, og er ein av dei provençalske maalstrævarar, som vil reisa det sudfranske maalføre til bokmaal att, som det var ei tid i gamle dagar, i riddartidi.