Side:Martyra.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Der kom liv i forretningsfolke no. Eit lotlag kom istand for aa gjere seg opfinninga til nytte i det praktiske liv. Franklin gjek i fyreenden. Aa John Fitch fek eineret til aa drive dampbaatfart i 5 stata. Penge strøymde in til han. Aa so ga han seg iferd med ein mykje større baat. Men han hadde berre uøvde smea til aa hjelpe seg, so det vart maateleg arbei. Den nye baaten gjek paa langt nær ikkje so fort som den fyrste. Folk miste trua. Pengemennene smaug seg unda. Men nokre bra folk va der daa som hjelpte han, so han fek vøle paa maskina, so baaten kom te gaa 2 mil i timen. Men daa kostnaen vart so umaateleg aa intekta so lita, miste folk reint trua. Det vilde kje føre til noko, meinte dei. Fitch sa, at ein gong i tia skulde baatane hans gjere tur over Atlanterhave. Men daa log folk aa meinte, at John Fitch berre va eit upraktisk narr, ein idealist som kanskje helst burde sendas paa daarehuse.

Han dreiv daa paa med aa vøle paa maskina si endaa eit bil. Men der vart mindre aa mindre av penge, aa meir aa meir av mistru aa spott. Lotlage vilde kje hjelpe han meir, endaa han ba dei so hjarteleg aa greidde ut for dei, kva framtissak dette vilde bli. «Dagen er nær, daa dampbaata skal gaa over Atlanteren,» sa han. Men dei berre log. Mistrudd aa forlaten vart han av alle, aa so drog han til Frankrike for aa freiste der.

Han landa i Lorient med got skotsmaal fraa den franske konsulen i Filadelfia; men det hjelpte inkje.