Side:Martyra.djvu/63

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Ingen brydde seg om slikt der. Alt va i røre av krigen. — Fitch vart gla daa han trefte ein tingmann, som han va kjend med fraa Amerika. Men so vart denne tingmannen halshoggen, aa Fitch sto att pengelaus aa venelaus. Han vart sistpaa nøyd aa gaa til den amerikanske konsulen aa tigge seg reisepenge heimatt.

John Fitch hadde levt berre for denne tanken. Naar det slo imist, hadde han ikkje meir aa leve for, totte han. Hugverk aa tungsinn vann paa han. I ølhuse freista han aa gløyme sin motgang; men det lukkas nok ikkje. Daa han ein kveld snørk seg op over elvebakkane ved Deleware, der han hadde fare med den merkjelege baaten sin, full av von aa drauma om ei gild framti, daa kom hugverken over han som ei nat. — Fraa ein berghamar kasta han seg i fange aat Deleware. Aa straumen jamna snart burt baareskole etter den vanlukkelege opfinnaren.