Side:Martyra.djvu/56

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


endaa, at han hadde det for got. Han maatte faa meir pine, meir smerte; smerta va det einaste som kunne hugge han. Han fek seg eit jarnbelte med kvasse pigga paa som skulde stinge han i skinne. Aa so snart han kjende ein livleg tanke kome, eller merka, at han vart gla, so slo han med aalbogane i belte forat piggane skulde gaa endaa djupare in i kjøte aa minne han om hans pligt.

Verre aa verre vart hovuverken; men han helt ut med tolmo. Paa sit siste ba han om alterens sakramente som han naut med stor andagt. Aa han ba om aa verte førd paa fatig-sjukehuse, for at han kunne faa døy blant dei fatige. Men det kunne dei daa ikkje føye han i.

Men kvile fann ho daa tilslut ogso denne jagande aand, — ei av dei største, ei av dei ædlaste soga veit aa nemne.

Met av pine slokna han, 39 aar gamal.