Side:Martyra.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

tenkjande krume »i dette endelause rome som fyllte han med rædsel ved si ævelege stille«. — Vitenskapen, kva va det vel, — kva kunne han gagne. »Ein kan finne stjerner paa himmelen aa mæle lufttrykke; men kva gagna det, dersom ein ikkje finn den ævelege stjerna som kikaren aldri naar, aa kan mæle djupe aat hans kjærleik som va til før verdens grunnvol vart lagd. Me brenn av atraa etter aa grunde ut alt, aa bygge eit taarn som naar op i endeløysa. Men heile bygninga brest, aa jora opna sine djup« — Faafengd, idel faafengd er det altsaman.

Vitenskapen la han burt aa brukte al si ti med bøn aa lesna i bibelen, for aa finne det som Jesus kalla det eine vigtuge. Opfinninga slutta han med, aa brukte al si opfinningsevne til aa lindre den nau han saag nærast ikring seg. Det gnog aa aat i hans saare heile nat aa dag den tanken at han hadde mat aa andre inkje. Han ga burt alt han aatte, nekta seg al glee, al luksus for aa kunne hjelpe fatigfolk. Ja han selde endaatil møblane ut or rome sit. »Eg er gla i fatigdom fordi Jesus va fatig. Eg elska rikdom fordi den gjer meg istand til aa hjelpe dei som treng«, skreiv han.

Men helder ikkje bibel aa bøn aa denne grenselause velgjerdsle kunne rædde hans utbrende sjæl. Han kjende seg alt uslare aa uslare, aa syntes til kvar ti sjaa eit gapande sluk framfor føtene sine. — Han verkte aa pintes. Men det va kje nok. Han trudde