Side:Martyra.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

va ræd guten skulde forlese seg, eller i det minste forsøme aa lære framande maal. Han passa seg for aa snakke om matematiken tesmeir, so Blaine høyrde. Men kva geometri va, laut guten faa vite.Han spurde solenge, at far hans sistpaa maatte fortelje han, at geometri er læra om aa gjere figurane regtuge, aa om aa finne forholda millom dei. Men han forbau med det same guten aa snakke meir om slikt.

Men vesle Pascal hadde faat nok. I fristundene sat han med sit stykke kol aa strika op figura paa golve. Han prøvde finne forholda millom dei, aa gjore seg difinisjona, satsa aa bevis. Cirklane kalla han rundinga, aa rette linje kalla han strek. Han va komen so langt som til 32te setning i fyrste bok av Euklid, daa far hans kom over han. Steg for steg hadde han arbeit seg fram, den eine setninga bygd paa hi, uta bok aa uta lærarhjelp.

Tilraad av ein go ven, let far hans no guten faa Euklid, som han skyna med det same, uta aa faa den minste retleiing. Aa snart vart han so pas at han kunne fylje med i dei møta som dei lærde helt i Paris ein gong om veka, der dei la fram sine verk aa gjek jenom andre sine. Pascal vart snart likeso gjæv som nokon av dei lærde, — kom likeso ofte med nye ting, — aa fann stundom feil i dei andre sine verk som ingen annan merka. Aa endaa brukte han berre fristundene sine aat matematiken. Meste tia gjek med til aa lære framande maal.