Side:Martyra.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


I 16 aarsalderen skreiv han ei utgreiing om keglesnitta, som skal vere eit av dei største aandsfoster nokon kan tenke seg. Descartes som las det, vilde kje tru at det va gjort av ein gut; han meinte det maatte vere faren som va forfattaren.

19 aar gamal fann han op ei reknemaskin. Det merkjelegaste folk i den ti hadde set. I heile tvo aar stræva han so hart med denne maskina, at han ga seg helseknek for heile live. — Leibnitz som vart so oprømd over denne merkjelege greia som reint mekanisk kunne gjere alleslags reknestykkje, prøvde seinare aa gjere maskina endaa fullkomnare.

Det meste av det Pascal fann paa, va slikt som skulde kome arbeismannen til nytte. Handkjerra aa trillebaara, — kor mangt eit tungt tak hev dei kje liivt menneskja!

Aa luft-trykke, — kva vinning va det ikkje for vitenskapen aa for menneskja at han fann samanhengen med det. — Galilei va den fyrste som sette fram tanken om at lufta hev tyngde, som trykkjer mot hav aa land. Aa Toricelli greidde dette betre ut jenom mange prøver, aa trudde, at det maatte vere lufttrykke som jore at vatne steig op i ei røyr, naar ein pumpa lufta ut or den enden som sto over vatne. Han hadde nemleg funne, at ein ikkje kunne pumpe vatn meir enn til ei viss høgd. Aa daa han freista med kviksylv synte det seg, at ein helder ikkje kunne faa det til aa stige høgre enn at vegta av kviksylvsøyla vart lik vegta