Side:Martyra.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Dermed hadde dei prov nok. Han vart dømd fritenkjar aa vere, skulde hengas aa attpaa kastas paa baale.

Tru mot seg sjøl va han til det siste. Han gjek til rettarstaen med got mot. — Saart vart han sakna av sine trugne vener.


Me hev no nemnt nokre av dei som va med dei fyrste til aa bryte hol paa den aandsmuren som presteskap aa statsmagt hadde murt om folke etter at den gamle romskulturen va gaat tilgrunne. Det va store menn aa modige menn, som ofra alt, endaa til live, for dei nye tankane som i denne ti braut seg fram.

Her som so ofte va det naturvitenskapen som vart grunnlage for det nye. For dei greiaste hovu sto det klaart alt daa, at ingen veg kunne ein kome berre jenom tankeslutning aa filosofering. Ein laut ha noko fast aa halde seg til.

Tanken kan ikkje naa den minste sanning ved aa bygge ut fraa seg sjøl. Han treng noko utafor seg sjøl aa bygge paa aa bygge av. Han treng fakta; men for aa finne fakta maa ein røyne seg fram.

Ein kan nok fraa det kjende delvis dra slutninga om det ukjende. Naar du hiver 90 steina i have aa dei søkk, so kan du derav slutte, at han søkk den 91de au. Naar den eine tyriflisa brenn, kan du derav slutte at ei anna tyriflis au maa brenne. Men ingen kunne tenkje ut, at stein søkk aa turt tre brenn;