Side:Martyra.djvu/34

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


folk maatte røyne seg det til.[1] Ein kan (som i matematiken) bygge den eine slutning paa den andre til ein hev eit heilt system. Men for det fyrste maa sjøl der vere eit grunnlag aa gaa ut fraa. Aa for det andre er dei slutninga ein kjem til berre abstrakte (tenkte) sanninga, som er uta verd medmindre dei vert sett saman med fakta som paa erfarings maate maa finnas ut. Etter trigonometriske regla aa formler som den reine tanke hev funne ut kan lengda fraa jor til sol reknas ut; men attaat trengs opmaaling millom faste kjende punkter. — Newton laut fyrst vite (røyne seg det til eller lære det av andre som hadde røynt det), at der er ei kraft (tyngdekrafta) som dreg lekema aat kvarandre. Dernæst laut han vite, at jor aa andre himmellekam sviv runt, dei mindre om dei større, før han kunne kome paa den svere tanken som løyste gaata om runddansen i himmelrome. — Utviklingslæra hadde aldri kome op, om ikkje naturkunnige folk hadde git agt paa al denne likskap dyr aa dyr imillom o.s.v.

Alt det me virkeleg veit er bygd paa røynsle aa agtpaagiving paa det som hender i naturens endelause rike, alt det andre me trur aa vite er tankespinn, nær eller langt fraa sanninga.

Daa dette vart klaart for renaissance-mennene, — daa dei skyna, at det som i denne ti vart opdaga

  1. Dersom du kjende vegta paa stein aa vegta paa vatn, aa dertil viste at vatne er flytande, so det kan sleppe eit tyngre lekam ijenom seg (ne-imillom seg), so kunne du tenkje ut, rekne ut, at steinen vilde søkke. Men slutninga vart like fullt grunna paa røynsle, — berre meir omveges.