Side:Martyra.djvu/147

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

eg be dyk syne os kvar me hev sagt lygn — so seier eg, er døen straf for aa ha tala sanning, so vil eg stolt aa trossande ofre den dyre pris! Hent bøddelen. Endaa lever sanningsor korsfesta med Sokrates, Kristus, Griordano Bruno, Huss, Galilei, — dei aa tusen andre hev gaat korsgangen fyre os. Me er reie til aa fylje.« 

(Av forsvarstalen hans for retten).

————————

Elsken, denne taumlause fugl som med sine kjælne vengjer flaksa om kvart menneskjens liv aa tvinna os in i sine flokne forførande garn — some til fall aa andre til reising —, her og va han ute aa hengde sine laurbær om høge reine panna hans August Spies.

Spies hadde den lukka el vanlukka mot sin vilje aa daare hugsterke kvende. I New-York vart han kjend med ei jente fraa Tyskland av rike foreldre, aa dei vart gla i kvarandre fraa fyrste stund. Men daa Spies va fatig aa ikkje kunne ha dei beste framtisvoner, sette foreldra seg imot giftarmaale. Spies reiste like aat heimlande, for aa snakke med dei; men det hjelpte ikkje. Aa daa jenta va for veik til aa bryte med foreldra aa røme med Spies, so reiste han fraa byen einsam. Aa ho vart sia gift etter foreldra sin vilje; men Spies gløymde ho ikkje. Det synte daa forhøre vart; ho sende sa mange penge av si rike raa til prosessen.