Side:Martyra.djvu/146

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


drive ijenom. — Samfunde vil krevje sit, om De so set ein galge for kvar gatehynne.

Aa anarkismen, denne fæle »ismen«, det, at under ei samfellig ordning av samfunde, under økonomisk likestilling aa økonomisk frigjering, vil staten, den politiske staten, kverve saman til ein barbarisk antikvitet. I eit samfund der alle er fri, der det ikkje lenger er herre aa tenar, der vite raar over den raa magta, der vil det ikkje lenger turvas politi eller militære til aa verje om »fre aa orden« dei kalla, — den orden som den russiske generalen tala om daa han telegrafera til Zaren etter aa ha myrda halve Warsaw — »orden raader i Warsaw«.

Anarkismen er kje blobad, røveri, mordbrand, o. s. v. Tvertimot; dette er karaktermerke ved kapitalismen. Anarkisme er fre aa lukke for alle. Anarkisme eller sosialisme vil seie: omlaging av samfunde etter vitenskaplege prinsip aa avskaffing av alle aarsaker som avla vold aa brot. Men kapitalismen avla denne sosiale sjukdomen fyrst, aa søkjer baketter aa læke med straf.

— — — — — — — — — — — — — —

Dette er tankane mine. Dei er eit stykke av meg sjøl. Eg kan kje skilje meg med dei, aa helder ikkje vilde eg, om eg kunne. Aa trur de, at de kan trampe ne desse ideane som aula seg alt fram aa fram kvar dag, trur de at de kan sløkkje dei ved aa sende os i galgen — vil de nok ein gong la folk lie døskvalen for at dei hev sagt sant — aa