Side:Martyra.djvu/128

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Albert Parsons.

Han va av got folk. Forfedrene hadde vore med i alle sosiale, politiske, aa religiøse rørsler i Amerika — som kapteina aa offisera. Far hans, Samuel Parsons, sette seg ne i Montgomery aa grunla garveri aa skofabrik der. — Mor hans va av ei megtig slegt i Ny-Jersey, aa va vikjend som ei klok aa go kone med sterke aandelege hugmaal; ho va ein streng metodist. Ho døe 2 aar etter at Parsons kom til verda. Han va den niande i tal, aa er fød 1848.

Eldste bror hans, general Parsons, som va gift aa budde i Texas, tok den vesle guten til seg. Her lærde Albert tileg aa rie, bruke børsa, aa gaa paa jagt. I 1859 reiste han til Texas til syster si som va gift med ein major Bøyd, aa aare etter ga han seg i boktrykkarlære. Aa daa slavekrigen braut laus i 1861 tok han avgare endaa han va berre 13 aar, aa gjek in i eit kompani av friviljuge.

Han hadde lyst aa vere med i hovuheren; men bror hans log han ut, aa stelte han tilfreds med at krigen snart vilde bli slut. Albert gjek daa in i